Velg Ja/nei på om du ønskjer hettegenser og joggebukse. Prisen endrar seg når du har svara på alle alternativ. Dette fordi det er ein pakkepris om du kjøper begge deler. Heile joggedressen kostar 750,- , kun genser kostar 500,-, og kun bukse kostar 300,-. Dersom du ønskjer ulik storleik på bukse og genser så legg du inn ein beskjed om kva del du vil endre i kommentarfeltet ved betaling!

Vi syr opp joggedresser etter kvart som vi får bestilling, det kan difor gå eit par dager før pakken blir sendt. Velg du "Plukk opp i vårt studio i Lønningsåsen", får du e-post når pakken er klar for henting.

Dette er vår kuule joggedress til større barn, designa og produsert i Noreg. Joggedressen består av hettegenser og joggebukse i økologisk bomull.

Settet er i jersey-kvalitet og finst i fire ulike fargar - skogsgrøn, okergul, lavendel og djup blå.

Genseren har ei god hette og ribb på erme som kan brettast. Buksa har knyting i livet (breitt kvitt bomullsbånd) og ribb ved anklane som kan brettast. Slik varer kleda lenge, lenge!

Her får du ein komfortabel, mjuk dress som kan brukast heile året.

Slik anbefalar vi at du vaskar joggedressen:

  • Anbefalt temperatur for maskinvask er 30 grader. Godt for kleda og godt for miljøet!
  • Du kan stryke på middels varme (to prikkar).
  • Tåler ikkje bleiking.
  • Tåler ikkje reins.
  • Kan godt tørketromlast ved lav varme (maks 50 grader).


 

Hettegenser og joggebukse

750,00krPris